Kodrero al horno
Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Codrero al horno)
Kodrero al horno (djsp.), kodrero al forno (djsp.) eller cordero al horno (sp.) er omnsbakt lammebog og blir ofte ete på pesaḥ og rosj hasjaná av sefardím frå Balkan.
Ein tek ein lammebog med bein. Skjer ein del snitt (4–8) i kjøttet. Stikk inn eit oppskiva kvitløksfedd i kvart snitt. Gni inn kjøttet med ca 0,5 dl olivenolje med salt og svartpepar etter smak. Steik i steikeomnen ved 160 °C (hugs å ause krafta over kjøttet no og da) til kjøttet er gjenomsteikt.