Cochinijødar

Frå Esnoga.no
Interiør av Paradesi-synagogen i Kochi (Cochin).
Foto:Deepu Joseph

Cochinijødane er eit jødisk samfunn som tradisjonelt har budd i området kring byen Cochin i den sør-indiske delstaten Kerala. Cochini-jødane har budd i India i over 2000 år, men har alltid hatt kontakt med jødane i Midtausten og har derfor ikkje mista nokon del av jødisk kultur eller tradisjonar over hundreåra.

Historia

Cochini-jødar er delt opp i tre ulike grupper med ulikt opphav. Den eldste av dei er ei gruppe som heiter meyuhassim («de med privilegium»). Segnene deiras seier at dei var handelsmenn som busette seg i India (som dei seier var det same landet som bibelen kalla «Ofir») i kong Salomo si tid. Den andre gruppa heiter mesjuhararim («de som var gjort frie»), og ein trur at de opprinneleg var slavar til meyuhassim-jødar som tok jødisk tru og vart frigjevne. Den siste gruppa heiter paradesi («utlendingane») og inkluderer jødar som i seinare tid flytta til Cochin-området frå Midtausten.

Ein trur at cochini-jødane først budde i Kudungallur. I året 379 fikk ein cochini-jøde som heitte Josef Rabban hersedom over ein landsby som heitte Anjuvannam, nær dagens Cochin, av kongen Parakaran Iravi Vanmar. Under styret til Josef Rabban vart Anjuvannam ein sjølvstendig jødisk prinsestat, og ein trur at dei fleste cochini-jødane flytta dit. Staten vart svært rik og mektig, og vart derfor angripen av arabarane i 1524. Jødane vart overvunne og flykta frå Anjuvannam til Cochin, der kongen gav dei land og pengar for å byggje ein ny landsby. Dei etablerte seg sjølve igjen som handelsmenn i Cochin, særleg i internasjonal pepparhandel.

1600-talet vart Cochin-riket overvunne av portugisarane, som forfølgte både cochini-jødane og den lokale syrisk-ortodokse kyrkja. I 1660 fikk Nederland makt over Cochin-området, og i 1795 vart det overvunne av det britiske riket som gav nominell suverenitet tilbake til den lokale kongen. Forfølginga slutta da den portugisiske makta tok slutt, og det jødiske samfunnet i Cochin vart rikt og velståande att.

Skilt på den jødiske synagogen i Cochin

Det var nokre tusen cochini-jødar i India i 1940-åra, men dei fleste av dei har sidan flytta til Israel. Det finst i dag mindre enn hundre jødar i Cochin.

Språk

Cochinijødar bruker ein dialekt av malayāḷam som blir kalla jødemalayāḷam. Dialekten er særmerkt av sin bruk av svært mange hebraiske lånord. Mange av desse er ord for jødiske religiøse omgrep, som torá, siddúr og halakhá, men mange hebraiske ord blir brukt i samanhengar som er uvanlege på hebraisk. Ein seier for eksempel അവന് ശലോമ് ആയി avan šalōm āyi (han vart 'sjalom') for å fortelje at nokon døydde.

Dialekten bruker òg mange spesielle ord som er laga frå malayāḷam-røter, men som ikkje finst på vanleg malayāḷam, for å skildre Gud på ein måte som passar med jødedommen. Dei fleste av desse orda er direkte omsett frå hebraisk til malayalam, for eksempel ആദിപെരിയോന് ādiperiyōn ‘den høgaste’, ഒരുവന് ആയവന് oruvan āyavan ‘den einaste’ og മൂലമ് ഉഡയോന് mūlam udayōn ‘den som finst i seg sjølv’. Cochinijødar brukar òg somme uttrykk som inneheld ei blanding av hebraisk og malayāḷam, som ആലമ്പഡച്ചവന് ālam padačavan som er laga av arameisk ˤālam (‘universet’) og malayāḷam padačavan (‘skaparen’).

Cochinijødar er stolte av det indiske opphavet sitt og har halde på identiteten og språket sitt til og med etter at dei flytta til Israel. Ein trur at det finst kring 7 000 brukarar av jødemalayāḷam i Israel i dag.

Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Cochini-jødar» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.