Borekas

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Borecas)
Borekas.
Foto:Olve Utne

Ḥanukká

Ḥanukkiyya etter gresk tradisjon i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antiyyokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkiyya

Songar:
Hannerót hallálu Ḥag hammakkabbím · Hazeremos una merenda · Mi ze yemallél · Ocho candelicas · Maʕóz ṣur

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borekas · keftes de prasa · Portugiesische Kuchen (jødekaker) · semulepudding · vaflar

Borekas, òg skrive borecas, burekas, bourekas og burecas liknar på börektyrkisk; sistnemnte finst på menyen i mange tyrkisk-drìvne gatekjøken i Norge under namnet børek.

I sin typiske tyrkiske versjon er börek ein innbakt butterdeigspai med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske böreken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas, pastichi) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borekas.

Borekas med ost- og grønsaksfyll er populær mat for desayuno (seinfrukost) etter sjaḥarít (morgongudstjenesta) på sjabbát. På sjabuʕót er osteborekas svært populære til mjølkemåltid blant osmanske sefardím.

Framgangsmåte

  • Ein lagar ein porsjon butterdeig og deler opp i kuler som er kring 2–3 cm i diameter.
  • Kjevl ut kulene til runde leivar som er ca 7–8 cm i diameter.
  • Legg på ei toppa matskei (ss) med fyll av egg og potetar og eventuelt òg spinat og løk.
  • Fold ihop leivane over fyllet så kvar boreka har halvmåneform. Press ihop kantane med ein gaffel.
  • Legg borekaene på eit smurt bakebrett (evt. bakepapir) og pensle dei med eit lettpiska egg.
  • Steik i omnen ved ca 185 °C i ein halvtimes tid.
  • Servér varme eller kalde.

Bildegalleri