Bendix Henriques (1725–1807)

Frå Esnoga.no
Bendix Henriques.

Bendix Henriques (17251807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (forstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (forrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg.

Pinches Nasche vart fødd i NakskovLolland i 1725 som son av asjkenaziske Moses Aaron Nathan (16901744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (16951746/1776) av Henriques-familien. For å kunna busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques.

Bendix Henriques gifta seg første gong i 1754 med Rebekka Israel (f. 1730 i Hamburg; d. 1763 i København). Dei fikk to born:

  1. Penina Henriques (f. 1756), gift med Elias Moses Delbanco.
  2. Moses Bendix Henriques (f. 1758)

Etter at Rebekka Israel døydde i 1763, gifta Bendix seg opp att med Elischewa Chawa (f. 1740, d. 1796 i Göteborg). Dei fikk desse sju borna:

  1. Samuel Henriques (f. 1765)
  2. Rachel Henriques (f. 1766)
  3. Ruben jr. Henriques (f. 17711846), vekselerar og grosserar
  4. Zippora Henriques (f. 17731828), gift med silke- og kledekremmar Moses Ruben Henriques (17571823).
  5. Malchen («Malka») Henriques (f. 1777)
  6. Esther Henriques (f. 1779)
  7. Bella Henriques (f. 1781)

Bendix kom til Marstrand som krämardräng i 1784 eller 1786 og fungerte samtidig som mohél der. Nokre år seinare etablerte han ei vekselerarforretning i lag med svigersonen sin, Elias Moses Delbanco. Bendix Henriques fungerte som församlingsordförande (forstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (forrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg frå 1792 til han døydde i 1807.

Kjeldrr