Bendix Henriques (1725–1807)
Bendix Henriques (1725–1807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (forstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (forrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg.
Pinches Nasche vart fødd i Nakskov på Lolland i 1725 som son av asjkenaziske Moses Aaron Nathan (1690–1744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (1695–1746/1776) av Henriques-familien. For å kunna busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques.
Bendix Henriques gifta seg første gong i 1754 med Rebekka Israel (f. 1730 i Hamburg; d. 1763 i København). Dei fikk to born:
- Penina Henriques (f. 1756), gift med Elias Moses Delbanco.
- Moses Bendix Henriques (f. 1758)
Etter at Rebekka Israel døydde i 1763, gifta Bendix seg opp att med Elischewa Chawa (f. 1740, d. 1796 i Göteborg). Dei fikk desse sju borna:
- Samuel Henriques (f. 1765)
- Rachel Henriques (f. 1766)
- Ruben jr. Henriques (f. 1771–1846), vekselerar og grosserar
- Zippora Henriques (f. 1773–1828), gift med silke- og kledekremmar Moses Ruben Henriques (1757–1823).
- Malchen («Malka») Henriques (f. 1777)
- Esther Henriques (f. 1779)
- Bella Henriques (f. 1781)
Bendix kom til Marstrand som krämardräng i 1784 eller 1786 og fungerte samtidig som mohél der. Nokre år seinare etablerte han ei vekselerarforretning i lag med svigersonen sin, Elias Moses Delbanco. Bendix Henriques fungerte som församlingsordförande (forstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (forrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg frå 1792 til han døydde i 1807.