Bendigamos al altísimo

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Bendigamos al altíssimo)

«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødarGibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon. Den tradisjonelle melodien til «Bendigamos» alle desse plassane er i hovudtrekk den same som den tradisjonelle sefardiske melodien til «Az jasjír Mosjé».

Notar


\relative
{
\time 3/8
\key d \major
\partial 8
a'16 g |
fis8. e16 fis g |
fis16 e d8 e16 fis |
g8. a16 fis g |
e4 e16 e |
e( fis) g a b a |
a( g) fis8 d16 d |
d e fis8 e16. e32 |
d4 \bar "|."
}
\addlyrics { Ben -- di -- ga -- mos al al -- tís -- si -- mo, al Di -- ó que nos cri -- ó, dé -- mos -- le  a -- gra -- de -- ci -- mien -- to por los bie -- nes que nos di -- ó. }

Tekst

Kastiljansk ladino:

Norsk omsetting:

(1) Bendigamos al altísimo,
al Dio que nos crió,
démosle agradecimiento,
por los bienes que nos dió.

Alabado sea su santo Nombre,
porque siempre nos apiadó.

Hodú lAdonáy ki-tób,
ki lengolám ḥasdó.

Lat oss signe den aller Høgste,
signe Den som skapte oss,
lat oss takke til fulle
for dei goda Gud gav oss.

Prisa vere Guds heilage Namn,
for alltid har Gud vist oss miskunn.
Takksei ADONÁI, som er god,
for evig er Guds godheit.

(2) Bendigamos al altíssimo,
por su ley primeramente,
que liga a nuestra casa
con el cielo continuamente.

Alabado sea su santo Nombre,
porque siempre nos apiadó.
Hodú lAdonáy ki-tób,
ki lengolám ḥasdó.

Lat oss signe den aller Høgste,
for Guds lov for det aller første,
som har bunde huset vårt
til Himmelen utan opphald.

Prisa vere Guds heilage Namn,
for alltid har Gud vist oss miskunn.
Takksei ADONÁI, som er god,
for evig er Guds godheit.

(3) Bendigamos al altíssimo,
por el pan segundamente,
y también por los manjares
y comimos juntamente.

Pues comimos y bebimos alegremente,
su merced nunca nos faltó.
Hodú lAdonáy ki-tób,
ki lengolám ḥasdó.

Lat oss signe den aller Høgste,
for brødet for det andre,
og òg for alle godbitane
og at vi et i lag.

For vi har ete og drukke med glede,
og Guds miskunn har aldri mangla.
Takksei ADONÁI, som er god,
for evig er Guds godheit.

(4) Bendita sea la casa esta,
el hogar de su presencia,
donde guardamos su fiesta,
con alegría y permanencia.

Alabado sea su santo Nombre,
porque siempre nos apiadó.
Hodú lAdonáy ki-tób,
ki lengolám ḥasdó.

Signa vere huset her,
heimen som Gud er nær;
kor vi vaktar Guds høgtid,
med glede og i støheit.

Prisa vere Guds heilage Namn,
for alltid har Gud vist oss miskunn.
Takksei ADONÁI, som er god,
for evig er Guds godheit.