Batél barób
Frå Esnoga.no
Batél barób (hebr. בָּטֵל בַּרֹב) vil seie ‘gjort ugyldig av ei større mengd’. I halakhá blir dette uttrykket blant anna bruka i samband med det milde forbodet mot kitniyyót for dei som har skikken å ikkje eta kitniyyót under pesaḥ. Om matretten er så blanda og/eller most at ein ikkje kan skilje ut belgvekstane, og om belgvekstane utgjer mindre enn 50 % av heile matretten, så er kitniyyóten batél barób, og maten er tillaten for dei som ikkje et kitniyyót under pesaḥ ifølgje Morám. I nyare tid har dei fleste asjkenazím til skikk å vera strengare enn dette.