Autodafé
Frå Esnoga.no
Ein autodafé (gjenom pt. auto-da-fé frå lat. actus de fide) var den avsluttande, offentlege delen av ei rettssak mot mistenkte kjettarar, inkludert mistenkte kryptojødar, utført av Den spanske inkvisisjonen (1481–1834) og Den portugisiske inkvisisjonen (1536–1821). Under autodaféen vart dei tiltalte enten dømt eller frikjent, og dei dømte vart ofte avstraffa på staden.