Arthur Waskow

Frå Esnoga.no
Reb Arthur Waskow
Foto:Jane D.

Arthur Waskow (f. 1933) er ein rekonstruksjonistisk rabbinar og forfattar som mange reknar som ein av leiarane av rørsla jødisk fornying. Han har vore involvert i jødisk fornying sidan 1969, og han er ein «stifinnar» i ALEPH: the Alliance for Jewish Renewal. Han er grunnleggar og leiar av The Shalom Center, ein organisasjon som arbeider for å «verne om heile jorda» på måtar som er fundert på jødisk tankegods og praksis.

Waskow har skrive fleire bøker — blant anna Godwrestling (1978), Seasons of our joy (1982) og Down-to-earth Judaism (1995). Han var ein av skaparane av friheitssederen i 1969 og er grunnleggar og redaktør for tidsskriftet New Menorah. Waskow har òg undervist ved the Reconstructionist Rabbinical College og i religionsdepartementa ved fleire amerikanske universitet. Han underviser òg ved Elat Chayyim, det transdenominasjonelle jødiske retreat-sentret i the Catskills.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Arthur Waskow» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.