Aroz amariyo

Frå Esnoga.no
Nykoka gul ris.
Olve Utne (2023)

Aroz amariyo (djudeospanyol), arroz amarillo (kastiljansk) eller gul ris er ein tradisjonell matrett, blant sefardím og i generell matkultur frå Sentral-Asia og Indonesia via Middelhavet til Latin-Amerika og Sør-Afrika. For å gjera risen gul blir det vanlegvis brukt enten safran, gurkemeie eller annatto.

Oppskrifter

Basisoppskrift

Ingrediensar Framgangsmåte

5 dl kvit basmatiris
¾ ts gurkemeie
½ ts kardemomme
¼ ts spisskummen
⅛ ts pepar
1 liten løk
litt olivenolje
7,5 dl vatn el. kraft

Finhakk løken. Bland ris og krydder.
Steik løken i litt olje i 5-10 min. Tilset risen og lat han steike i eit par minutt. Tøm så vatnet eller krafta over; kok opp, og lat risen trekke på svak varme til han er ferdig.
Luft risen godt med ein gaffel før du tar han av varmen.

Fru Curriels gule ris

I den dansk-jødiske kokeboka Fru Curriels kogebog (1916) finn vi denne dansk-jødiske versjonen av sefar­disk gul ris, som rettnok ikkje inneheld safran eller gurkemeie om det da ikkje vart avgløymt av forfattaren.

Ingrediensar Framgangsmåte

125 g kikerter
500 g ris
7,5 dl vatn
2,5 dl gåsesjy

Legg i bløyt kikerter med litt natron kvelden før.
Kok så dei utvatna kikertene med litt salt i vatnet til dei er møre.
Skold risen i kokande vatn; når det kokar att, tilset kasjér gåsesjy (eller annan kjøttsjy) og trekk på svak varme i éin time.
Hell kikertene over risen ved servering.