Kahal Kados Talmud Torah (Amsterdam 1639-1675)

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Amsterdam Esnoga (1639))
Der Jooden Tempel of sinagoge. Gravering av I. Veenhuysen.

Kahal Kados Talmud Torah, bygd 1639, var den første felles portugisarjødiske esnogaen (synagogen) i Amsterdam.

Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre esnogas i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Dei tre menigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samanslegne under det noverande namnet Talmud Torah. Dei bygde da om to hus ved den daverande Houtgracht til ein felles synagoge. (Kanalen er no attfylt og plassen heiter Waterlooplein.) Ettersom det ikkje var plass til siderom til kvinnene i den nye esnogaen, vart det bygd galleri langs sidene i hovudrommet i staden — med både kvinne- og mannsseksjonar. Så vidt vi veit var dét første gongen den løysninga vart bruka i nokon slags synagoge.

Kjelder

Krinsky, Carol Herselle: Synagogues of Europe. Architecture, history, meaning. The Architectural History Foundation, New York, N.Y., ca 1985.