Abraham Lopes Cardozo
Frå Esnoga.no
Abraham Lopes Cardozo z"l (f. 27. september 1914 i Nederland, d. 21. februar 2006) var ein nederlandsk-sefardisk ḥazzán og rabbinar som var særleg kjent for arbeidet sitt med å vidareføre og dokumentere den portugisarjødiske tradisjonen.
Abraham Lopes Cardozo vart fødd i 1914 i Nederland som son av Joseph Lopes Cardozo. Han studerte ved Ets Chaim-seminariet i Amsterdam. I 1939 vart han utnemnt til rabbinar for den sefardiske menigheita i Paramaribo i Surinam. I 1946 kom han så til New York City som ḥazzán ved Shearith Israel — og han vart verande i den stillinga til han gikk av med pensjon i 1984.