Abrahám ben Sjemuél Abulafia
Abrahám ben Sjemuél Abulafia (f. 1240; d. etter 1291, truleg på Malta) var ein av dei første kabbalistane. Han vart fødd i Spania og studerte skriftene åt Mosjé ben Maimón og Hillél. I tjueårsalderen la han ut på eit liv i vandring. Den første profetiske boka si, Sefer hajjasjár (‘Den rettvises bok’) skreiv han i Patras i det noverande Hellas i 1279. Abrahám Abulafia drømte om å viske ut ulikheitene mellom jødedommen, kristendommen og islām. Året etter følgte han ei indre stemme og la ut på reise til Roma for å omvende pave Nicholaus III. Paven, som da var i Suriano (no kalla Soriano) i Viterbo-provinsen, fikk nyss om dette og gav ordre om at fanatikaren laut brennast på bål så snart han kom dit. Da Abulafia kom til Suriano den 22. august 1280 fikk han høre ved den ytre byporten at paven hadde døydd av slag natta føre. Abulafia la så på vandring heimatt, der minorittane kasta han i fengsel. Han vart sett fri att fire veker seinare. Neste gong vi hører om Abulafia var han på Sicilia som ein profet og masjíaḥ. Kort tid seinare braut han opp att, og han arbeidde saman boka Séfer haót (‘Teknets bok’) på øya Comino ved Malta i åra 1285–1288. Det siste vi veit om han er at han skreiv si siste og truleg lettast tilgjengelege bok, Imré Sjéfer, i 1291.
Anna
Abulafia er òg namnet på eit tekstbehandlingsprogram i romanen Il pendolo di Foucault (1998) av Umberto Eco.
Sjå òg
Kjelder
- Abulafia's 'Life of the World to Come'
- Abulafia's 'Light of the Intellect'
- Abulafia
- JewishEncyclopedia.com Article
This article is based entirely or in part on the article “Abraham Abulafia” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |