ALEPH Ordination Programs

Frå Esnoga.no

ALEPH Ordination Programs, eller ‘ALEPH ordinasjonsprogram’ på norsk, er namnet på det desentraliserte teologiske seminaret som blir drive av ALEPH — felagskapet for Jewish Renewal. Skulen er i dag godkjent av det nordamerikanske National Council of Seminaries, som inkluderer leiarane av alle dei større nordamerikanske rabbinar- og ḥazzán-studieinstitusjonane. Seminaret har tre program: det rabbinske programmet, rabbinsk pastor-programmet og kantorprogrammet. Dean (dekan, administrativ ledar) for seminaret er Marcia Prager (2005).

ALEPH Rabbinical Program

ALEPH Rabbinical Program er hovudprogrammet av dei tre noverande ordinasjonsprogramma. Programmet er ei vidareføring og formalisering av rabbinar og hovudføregangsmann bak Jewish Renewal-rørsla, Zalman Schachter-Shalomi, sitt arbeid med rettleiing og ordinering av ein mindre krets av rabbinarar sist i 1970-åra og i 1980-åra.


Pekarar

  • Aleph.org — klikk på «ALEPH Ordinations»