Ḥanná og sønene hennar

Frå Esnoga.no

Ḥanukká

Ḥanukkiyya etter gresk tradisjon i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antiyyokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkiyya

Songar:
Hannerót hallálu Ḥag hammakkabbím · Hazeremos una merenda · Mi ze yemallél · Ocho candelicas · Maʕóz ṣur

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borekas · keftes de prasa · Portugiesische Kuchen (jødekaker) · semulepudding · vaflar

I 2. makkabearbok kan vi lesa om korleis Antiokhos IV Epiphanes kjem over ei mor (i jødisk tradisjon: Ḥanná) og de sju sønene hennar. Han vil tvinge dei til å eta ein gris offentleg. Kvar og ein av sønene nektar i tur og orden å eta av svinekjøttet, og dei blir torturert og deretter drepne medan Ḥanná må sjå på. Til slutt er berre Ḥanná og den tre år gamle sonen att, og Antiokhos blir motlaus og bed Ḥanná om å overtala treåringen til å eta svinekjøttet og slik berge seg. Treåringen svarar med å seie til Antiokhos at det einaste han er lei seg for er at han måtte vente så lenge med å vise si kjærlegheit til Toráen. Ḥanná priser sonen, og han blir drepen òg. Til slutt døyr mora òg. I ein versjon av historia blir det sagt at ho kastar seg ned frå bymuren i sorg over tapet av borna sine.

Denne historia er ei av dei tre historiene vi minnest med ḥanukká, og ei av dei to historiene som inkluderer heltemodige kvinner i kampen mot overmakta.